Sjukepleiar 100% fast stilling
Er du sjukepleiar og har interesse for eldreomsorg?
Hjelmeland kommune har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar ved Årdal omsorgssenter med tiltreding frå 1. april 2023. Stillinga inneber tredelt turnus med helgearbeid.
I Hjelmeland kommune får sjukepleiarar garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet. Kommunen er også behjelpeleg med å skaffa bustad.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune