Gladmat2023 176

Feien & Fjong

Hjelmeland på Gladmat-festivalen

Gladmat 2022 og 2023

Både i 2022 og i 2023 hadde Hjelmeland kommune og næringsaktører frå Hjelmeland ein felles stand under Gladmatfestivalen. Her fekk me saman satt Hjelmeland endå meir på kartet og vist fram mange av dei fantastiske smaksopplevingane me har å by på.

Dette samarbeidet resulterte i 2022 til 5 nominasjonar og 1 pris for "Årets Gladmatstand". I 2023 fekk me 4 nominasjonar og vann både prisen for "Årets Gladmatopplevelse" og "Årets Gladmatrett" (som er laga av Smaken av Ryfylke).

Gladmat 2024

I 2024 blir det Gladmatfestival 26.-29.juni, og her vil 13 aktører stille saman med Hjelmeland kommune. Tek du turen kan du smake på mykje godt både i krambua, bakeriet, restauranten og i siderbaren.

I tillegg kan ein delta på våre to arrangement på onsdag 26. juni.

Kokkekurs med Arne & Madelen

Arne Brimi og Madelen Kvame inviterer til eit mini-kokkekurs i teltet "Hjelmeland Naturlegvis". Kokken Arne er godt kjent for mange! Og kokkelærlingen Madelen er kjend for si deltaking på MasterChef – Unge talenter.

Under kokkekurset vil du først lære å lage ulike rettar - og mellom anna lære å lage smør. Deretter dekker me til bords, sånn at alle på kurset får smake på alt det gode ein har laga saman.

Kokkekurset er onsdag 26. juni kl 14.00-15.30 og er for dei i alderen 10-14 år. Kurset er gratis og har 12 plassar.

For påmelding: send en epost til anne.spilde@hjelmeland.kommune.no

Smaken av Hjelmeland - festmiddag med Brimi & Hjeltnes

(UTSOLGT!)

Kom og møt Arne Brimi og Arne Hjeltnes saman med kokke- og bondestjernene frå Hjelmeland!

Me dekker til bords for ein unik og smakfylt festmiddag! Arne Brimi står for ein nydeleg 4 rettars-meny i lag med sine medhjelpere på kjøkkenet. Denne serveres saman med smaksfulle Hjelmelandsbobler!

Saman med alt det gode som serveres på fat og i glass, vil Gutta på tur-kompisane, Arne & Arne, saman med produsentane frå Hjelmeland dele si store interesse for flotte smaksopplevingar.

Nysgjerrig på alle dei gode historiene frå Brimi og Hjeltnes? Interessert i å vite om vegen til å skape kvalitetsprodukt som skil seg ut både nasjonalt og internasjonalt - og ikkje minst klar for å nyte alle dei gode smakane?

Ta med deg gubben, kånå, elskerinna, vennegjengen, foreninga, kolledagene - me gler oss til å skape ei unik smaksoppleving og dele historiene med deg!

Festmiddagen er onsdag 26. juni kl. 18-21 i teltet til "Hjelmeland Naturlegvis". Billettsal.

Smaken av Hjelmeland - festmiddag med sommerlier og pommelier Thor Oddvar Havn

(NB! Dette arrangementet er dessverre AVLYST.)

Denne kvelden byr på mykje godt – både i fast og flytande form!

Fjorårets Gladmatrett-vinnar, kokken Sebastian Schläwicke frå restauranten Smaken av Ryfylke, har boltra seg i kvalitetsprodukt frå Hjelmeland og laga ein flott 7 rettars meny! Denne blir servert saman med privinnande Hjelmelandsbobler.

Saman med alle dei gode smakane vil sommelier, resturantsjef og forfatter Thor Oddvar Havn ta oss på ei reise kor han deler si store interesse for kombinasjonen mat og sider. Du vil óg bli betre kjent med NM og VM-vinnerane frå Hjelmeland, og få høyra deira veg til å skape flotte kvalitetsprodukt.

Inviter med deg godt selskap og bli med på ein flott festmiddag og ei unik smaksloppleving!

Festmiddagen er laurdag 29. juni kl. 18-21 i teltet til "Hjelmeland naturlegvis".

Slideshow Items