Foto Universitetet i Stavanger Arkeologisk museum

Universitetet i Stavanger - Arkeologisk museum

Sølvringane frå Sæbø

Skatten

Midt i vikingetida – ein gong på 900-talet – vart det smidd seks vakre halsringar av sølv, rundt 1,2 kg til saman. Sølvet var anten røva, omsmelta kyrkjegods frå England og Irland. Eller kanskje meir truleg: omsmelta sølvpengar handla frå Bagdad.

Dei seks ringane vart lagde under ein stein i utmarka på garden Sæbø. Årsaken til dette veit me ikkje. Det kan vera for å markera eigedomsgrenser. Eller for å ofra til gudane. Eller rett og slett tjuvgods.

Funnet og kongen

I mange hundre år lag dei seks ringane i jorda. På 1760-talet vart det etablert eit koparverk med smeltehytte i sjøkanten i Hjelmelandsvågen: «Enighedens kobberverk». Kona til hyttemester Hans Dahl fant, i følgje datidens avis, skatten med dei seks ringane under ein stein i Sæbøs utmark i september 1769. I følgje same avis akta Hans Dahl og frue seg til København for å overlevera funnet til Kongen. Kongen var på det tidspunktet den sinnsjuke Christian den 7. Livlegen hans, Struensee, overtok ein periode både riket og dronninga og endte opp med å bli avretta. Det er laga ein kjent film om dette: Ein kongeleg affære.

Kongens skattkammer

I 1770 er det i protokollen for Kongen skattkammer i København skrive inn seks halsringer av sølv frå Sæbbøe. På det tidspunktet var det ikkje noko nasjonalmuseum korkje i Danmark eller Noreg. Kongen sitt skattkammer var ei samling av ulike saker og ting som var komen Kongen i hende. Det danske Nationalmuseet kom ikkje på plass før i 1849. Grunnen til at Dahl og kona valde å levera ringane til Kongen, veit me ikkje. Men ein stor og viktig eigar av Enighedens Kobberverk var sorenskrivar Daniel Fredrik Barth, busett i Knustvik på Jøsneset. Han hadde gode forbindelser mot kongemakta i København. Han hadde fått tittelen Kanselliråd som personleg utmerking. Barth fekk 20 born.

Gåva til Napoleon

Under Napoleonskrigane i 1807-1814 var Danmark-Noreg alliert med Frankrike. Mot slutten av krigen var baron Charles-Jean-Marie-Alquier (1752-1856) Napoelon sin utsending i København. Då Alquier skulle dra heim til Frankrike ved krigsslutt, fekk han lov av kong Frederik å gå i skattkammeret og velja seg ut nokre gjenstandar å ta med heim som gåve.

Baronen så gjorde, og ein av gjenstandane han valde ut var ein av dei seks ringane frå Sæbø. Dermed dro denne ringen vidare med baronen til Frankrike. Der var det mykje kaos etter krigen, og keiseren sjølv hadde abdisert. Kor skattane frå København – og dermed også ringen frå Hjelmeland hamna – veit ingen.

Folke Helle studerer sølvringene

Sølvsmed Folke Helle studerer sølvringane.

Folke Helle studerer sølvringene

Eit imponerande arbeid frå vikingetida.

Den fyrste skattejakta

I 2017 reviderte Hjelmeland kommune sin plan for kulturarv. Gjennom arbeidet med dette, vart det sett søkelys på opplysningane i bygdaboka om ein skatt i København. Gerd Helena Hals (i dag Vinding) er slektning til saksbehandlaren for kulturplanen, og busett i København. Ho vart beden om å gå på Nationalmuseet og etterlysa ringane. Og ho trong ikkje leita lenge. Den flotte skatten frå Hjelmeland hang framme, plassert ikkje langt frå Guldhornet og Gullvogna som er rekna som dei aller største arkeologiske skattane i museet.

Hjelmeland kommune kontakta arkeologisk museum i Stavanger for å sjekka ut om det var råd å få dei fem ringane heim til Rogaland til 250-årsfeiringa for sølvfunnet (1769-2019 er 250 år).

Skatten til Stavanger

Arkeologisk museum i Stavanger, ved direktør Ole Madsen, var sers positiv til initiativet frå Hjelmeland. Dei undersøkte noko nærare, og sendte ein formell førespurnad om lån av ringane til jubileet. Fyrste respons frå Nationalmuseet ved direktør Rane Willerslev var negativ. Dei hadde for mykje gjera til å førebu eit slikt utlån.

Hjelmeland kommune ved ordførar Bjørn Laugaland valde då å skriva eit personleg brev til dirketør Rane Willerslev, eit brev som vart teke med av Haldis Karine Nilsen ved reise til København og avlevert i resepsjonen i museumsbygget. I brevet vart direktøren invitert til jubileumsfest i Hjelmeland. I tillegg samarbeidde kommunen med dåverande bansksjef Susanne Poulson. Ho er frå Færøyane og talar dansk. Susanne ringde Willerslev sin sekretær, og etter kort tid takka Willerslev ja til utlån og til å koma til Hjelmeland. I juli 2019 var ringane på plass i monter i Arkeologisk museum

Ringfesten 2019

I august 2019 vart ringfesten gjennomført. Her fekk Rane Willerslev møta andre eventyrarar frå Hjelmeland, og teaterlaget framførte ute-skodespel i tre akter som handla om sølvringhistoria. Over 300 møtte fram. Ei rekke lag og foreningar samarbeidde med kommunen om aktivitetar i ulike former og skapte ein veldig minneverdig festkveld. Dagen etter var skulane samla i Vågen saman med representantar for arkeologisk museum, og fekk tvinna ringar og lera om vikingetida i Hjelmeland. Museumsdirektør Willerslev vart vist rundt i kommunen, og fekk mellom anna oppleva Vigatunet. Elles fatta han stor interesse for kanselliråd og sorenskrivar Barth frå Jøsneset, som var stamfar til den berømte sosialantroplogen Fredrik Barth. Willerslev er sjølv utdanna sosialantropolog og hadde Barth som eit av sine førebilete.

Apal Sideri

Dan Olav Sæbø frå Apal Sideri

Apal Sideri

Prisvinnande Sølvsider

Sølvsideren

Dan Olav Sæbø hadde overteke Sæbøgarden før sølvringjubileet, og hadde bestemt seg for å prøva ut dette med eplesiderproduksjon. Den fyrste sideren (ca 1500 liter) sette han i jubileumsåret 2019, og han ga den namnet Sølvsider med bilete av ringane på flaska. I mars 2020 kom den store koronaepedimien. Dan Olav hadde etter oppmoding sendt nokre flasker med sølvsider til sider-vm i Hamburg. For tom sal, men med tusenvis av følgjarar på nett, vann sølvsideren fyrste premie i sin klasse og vart dermed verdensmeister. Etter sølvsideren er det kome tre siderprodusentar til i kommunen pluss mange produsentar av eplemost. Sølvsider er blitt blant topp ti selde sider på Vinmonopolet.

Jakta på den sjette ringen

I 2022 tok kommunen kontakt med den franske ambassaden i Oslo for å be om hjelp til å finna den sjette ringen som baron Alquier tok med seg til Frankrike. Ambassaden tente på oppgåva, og engasjerte seg ved å senda brev og mailar til museum, antikvariatar og meir til. Jakten pågår framleis. Eit håp vart tent då ein nesten 200 år gamal auskjonsprotokoll etter baronen vart oppdaga. Men der var ikkje spor etter kven som hadde kjøpt «ringar frå oldtida».

Sommaren 2023 vart Haldis Karine Nilsen frå Hjelmeland invitert til ambassadøren sitt hageselskap og ho hadde med seg ein rollup som fortalde historia om ringen og jakta på den sjette. Med seg hadde ho også ein invitasjon frå ordførar i Hjelmeland Anita Husøy Riskedal til den franske ambassadøren Florence Robine om å vitja Hjelmeland. I mai 2024 kom ho til Hjelmeland og Sæbø, i tillegg til å vitja Arkeologisk museum i Stavanger for å sjå ringane.

Det er stor interesse også internasjonalt for å finne den sjette ringen, og ein har no fått nokre nye ledetråder å følge. Hjelmeland kommune og ambassaden vil halda fram med samarbeidet om jakta på den sjette ringen.

Hjelmelands ordførar og den franske ambassadøren

Folke Helle og sølvringane frå Sæbø

Folke Helle er vår lokale sølvsmed i Ryfylke – busett på Mjølsnes på Finnøy. Hjelmeland kommune kontakta han med tanke på å kunne laga andre smykke inspirerte av ringane. Helle fekk audiens på Arkeologisk museum, og fekk gjera ei fagleg vurdering av handtverket som ligg bak produksjonen av ringane. Han var dyktig imponert over at dei har latt seg produsera i ei tid der det var lite lys, ikkje råd å måla temperatur i «smia» og heller ikkje nokon form for lupe. Han har latt seg inspirera til å laga øyrepynt, halssmykke og fingerring av sæbøringane. Desse smykka vil vera klare for sal frå juni 2024.

Slideshow Items

Lokalmatsamarbeid

Hjelmeland kommune og produsentar i kommunen satsar mykje på profilering av lokalmat. Saman har dei mellom anna stukke av med fleire prisar på Gladmatfestivalen i Stavanger. Profilering av sider, saft, laks, ost, honning, frukt, bær og andre produkt løfter også kommunen so reisemål. No har Hjelmeland også fått kontakt med ein kommune i Provence i Frankrike og ser fram til å samarbeida med dei i det vidare. Her kan ambassaden også vera ein god støttespelar.