436007671 971072384646749 8802249192821897062 n

Sommarkonsert i Hjelmelandsvågen

I 2023 blei det fullbooket konsert med Vamp i Vågen.

Dette året er det Bjørn Eidsvåg som står på scenen. 70-årsjubilanten stiller med fullt band i Hjelmelandsvågen laurdag 13. juli.

Etter eit halvt århundre i musikkbransjen står saudabuen Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkhistorie, og er ein artist fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. Sjølv etter ein solid og lang karriere er han stadig aktuell.

Konsertstart

Hjelmelandsvågen blir opna for publikum klokka 18.00. Bjørn Eidsvåg går på scenen klokka 19.00.Etter konserten speler bandet Melodi Pomm Fri kjende coverlåtar utover kvelden. Arrangementet har 18-årsgrense.

Billettar & skysstilbod

Meir informasjon om fleire billettprisar og skysstilbod
https://hjelmeland.hoopla.no/event/eidsvag