

Vigatunet er eit gamalt gardstun, og ein kan i skriftlige kilder følgja garden heilt tilbake til 1500-tallet. På tunet står fleire bygningar, mellom anna røykstova som er frå 1600-talet. Det er også fleire gravhaugar på garden, og det er gjort funn frå vikingtida.
Frukt- og bærdyrking har gjennom 200 år vore ein viktig del av landbruket i Hjelmeland. Og hagen på Vigatunet er i dag eit samarbeid med Norsk genressurssenter, kor målsettinga er å bevara gamle frukttresortar.
Garden blei fråflytta i 1955 og overtatt som museumstun i 1970. Når gardstunet har sommarope, kan ein mellom anna ta turen innom dei ulike bygningane, lære om gardsdrifta og oppleve korleis det var å bu på garden.
Garden ligg langs Fv 631 som går Hjelmeland og Fister.
Vigatunet har sommerope i juli og til midten av august (onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag 12-16).
Ta kontakt med Ryfylkemuseet for mogleg omvisning for grupper utanom sesongopning.