Meir om Hjelmeland

Hjelmeland kommune ligg i "i hjarta av Ryfylke", og er med sine 1067 km2 den nest største kommunen i Rogaland. Det er kort veg til Stavanger og resten av regionen. Me er ca 2600 innbyggjarar, og kommunesenteret ligg på Hjelmeland.

Kommunen sin visjon; «Hjelmeland naturlegvis» gjev uttrykk for eit ønskje om eit positivt samspel mellom kommunen sine tilsette, innbyggjarane og naturen rundt oss.

Hovudmål: Jobb og attraktivitet. Å leggja til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.

Hjelmeland har mange føremoner når det gjeld natur, men og når det gjeld kor kommunen ligg geografisk. Mellom fjord og fjell, med flotte naturområde langs fjorden og i heia. Etter opninga av Ryfast er me no ein naturleg del av ein av dei viktigaste storbyregionar i landet.

Dette gjev oss ein fantastisk muligheit for å få potensielle etablerarar til å sjå mot oss. Både når det gjeld etablering av arbeidsplassar, innflytting, fleire fritidsbuande og fleire turistar.

Velkommen til Hjelmeland!