Gladmatretter 12

Feien & Fjong

Smaken av Hjelmeland

Flotte dyrkingstilhøve og lange tradisjonar for lokalmat- og drikkeproduksjon gir eit unikt grunnlag for alle smaksopplevingane Hjelmeland har å by på!

Gjennom eit brennande engasjement for lokalmat har nye generasjonar dei siste åra valt å vidareutvikla gamle tradisjonar og bidra med ny satsing både innan frukt-, grønt- og bærdyrking og innan produksjon av laks, kveite, kjøt, honning, egg og meieriprodukt.

Kvalitetsprodukt

Stoltheit over kvalitet på både råvare, produksjon og foredla produkt gjer at Hjelmeland kan skilte med mykje god mat og mange prisvinnande produkt.

I Hjelmeland finn du mellom anna fire sideri

Alle fire har prisvinnande produkt i hyllene sine.

Men me er så heldige å ha fleire produsentar som kan skilte med å ha vunne gjeve prisar for produkta sine:

Å vinna prisar blir eit naturleg resultat når det blir lagt stor vekt på smaksopplevingar av høg kvalitet!

Kor finn du Hjelmelands-produkta?

På leit etter lokale produkt? Da kan du ta turen innom eit av dei mange gardsutsala du finn rundt om i kommunen. Desse er i stor grad sjølvbetente og byr på litt variasjon av produkt for sal gjennom sesongane. I sommarsesongen finn du mellom anna saftige jordbær, søte morellar, nydelege bringebær og ferske grønsaker. Og om hausten kan du nyte ekstra gode plommer, eple og pærer frå Hjelmeland.

Du finn også lokalmatprodukt på fleire av dei lokale daglegvarebutikkane, mellom anna Spar Hjelmeland og Joker Fister, i tillegg til Ryfylke bakeri og konditori sitt utsal i Årdal.

Interessert i sidersmaking?

Hos OmCider og Apal Sideri kan du gjennom heile året oppleve sidersmaking.

Booking av sidersmaking

Sommarkafé med lokale smakar på menyen

Gjennom sommaren kan du nyte god mat på Sommarkaféen i vakre Spinneriet i Hjelmelandsvågen. På menyen finn du mat, drikke og dessert som er basert på lokale råvarer. Verd eit besøk!

Opningstider frå 21. juni - 17. august:

  • Måndag til fredag klokka 10:00-16:00
  • Laurdag og søndag klokka 12:00-16:00

Arrangement med matglede

Gladmatfestivalen 2025

I 2022-2024 har lokalmat og –drikke frå Hjelmeland markert seg på Noregs største matfestival; Gladmatfestivalen. Her har me motteke heile 12 nominasjonar og vunne 4 prisar desse 3 åra!

Saman med kommunen har 12-14 næringsaktørar fokus på å skape dei beste gjeste- og smaksopplevingane under matfestivalen. Og det har mellom anna vore sal av flotte kvalitetsprodukt, kokkekurs for barn og festmiddag.

Også dette året deltok 12 næringsaktørar frå Hjelmeland på felles stand under Gladmatfestivalen i slutten av juni, for å skape flotte smaksopplevingar frå Hjelmeland. Dette var festivalens 27. gong og rundt 250-300 000 tok turen i løpet av dei 4 festivaldagane. Her var det yrande liv og god festival- og sommarstemning både på kaien og i gatene.

Nysgjerrig på kven som var på Hjelmeland sin Gladmatstand i 2025?

Sommarmarknader i Hjelmelandsvågen

Gjennom sommaren kan du også få med deg stemningsfulle sommarmarknadsdagar på kaien i Hjelmelandsvågen. Her kan du nyte sommardagen saman med gode smaker og finne flotte lokalprodukt.

Sommaren 2025 er sommarmarknadane laurdagane 12. juli og 26. juli klokka 12-15. Marknadsdagen 12. juli arrangeres saman med Hjelmeland Turlag og inkluderer både sanketema og turlagsaktivitetar.

Ryfest i Hjelmelandsvågen

Kultur- og matfestivalen Ryfest markerar alltid seinsommarstid og starten på hausten i Hjelmeland. Helga 5.-6. september 2025 blir det god festivalstemning og dei startar med smaksopplevingsarrangementet «Sider, song og ein smak av Hjelmeland» fredag 5. september. Festivalen sin marknadsdag i Hjelmelandsvågen er laurdag 6. september. Om kvelden laurdag 6. september arrangerer dei "Den store kaifesten" og Mållgudd og Bråg&Sandråg spelar opp til bryggjedans. Billettar kan du kjøpe på nett allereie no.

Foto: Ryfest

Ein god stad å eta

Er du fysen på noko godt?

Spinneriet

I det historiske Spinneri-bygget i Hjelmelandsvågen kan du nyte menyen på Sommarkaféen frå 21. juni til 17. august. Saman med eit godt måltid eller noko godt til kaffen, kan du få med deg sommarutstillingane om Amerikautvandringa og Hjelmelandsvågen gjennom historiske bilete. I sommar er det ope måndag-fredag klokka 10:00-16:00 og laurdag og søndag klokka 12:00-16:00.

Ryfylke bakeri og konditori

Tek du turen innom Ryfylke bakeri og konditori i Årdal kan du nyte mykje godt i deira kafé eller ta med deg noko godt på tur. Hos dei finn du også eit større utval i sal av lokalmat og –drikke frå Hjelmeland. Deira opningstider er måndag-fredag klokka 09:00-18:00, laurdag klokka 09:00-16:00 og søndag klokka 11:00-18:00.

Skabelonen

Interessert i Årdalsbakst frå Skabelonen og ildsjela Eldfinn Austigard? Nokre fredagar tilbyr han mellom anna ein variasjon av nybakte brød og saupskoltar. For oppdatert informasjon om bakstedagar, utsalstider og produkt for sal, sjekk ut Facebooksida hans Skabelonen.

Siranee's thaimat

På Hjelmeland ferjekai finn du Siranee's Thaimat. Dei har både thaimat, norske rettar og hurtigmat på menyen. Opningstida er klokka 11:00-20:00 alle dagar.

Smaken av Ryfylke

I restauranten Smaken av Ryfylke finn du kokken Sebastian - ein kokk som brenn for å lage god mat basert på lokale råvarer og unike smakar. I 2023 vann han Årets Gladmatrett for sin unike kombinasjon av smaker. Restauranten er open torsdag og fredag klokka 17:00-21:00, laurdag klokka 13:00-22:00 og søndag klokka 13:00-19:00. Her kan du nyte utsikta ut over Hjelmelandsfjorden mens du nyt smaksopplevingane.