0e35fdbb f143 4d81 b87f 7445d78a9a4c 2

Sommarminne frå Hjelmeland

Skal du på familieferie, kjærastetur eller på tur med vener, og lurer på kva dykk kan finna på denne sommaren? Her finn du nokre tips til sommaraktiviteter.

På tureventyr

Visste du at sydpolfarar Karen Malena Kyllesø er den yngste i verda som har gått aleine til Sydpolen og at ho kjem frå Årdal i Hjelmeland? Etter 54 dagar kom ho som 21-åring til Sydpolen 13. januar 2025 og satte verdsrekord. Ei bragd heilt utanom det vanlege! Ho er den 12. kvinna til å nå Antarktis sørlegaste punkt for eiga maskin. Allereie som 14-åring starta ho på si første store tureventyr. Da kryssa ho Grønland. Det var ikkje lenge etter ho nådde målet for den turen at ho satte seg eit nytt stort mål; Sydpolen!

Denne sommaren held friluftsjenta Karen seg i heimtraktene for å inspirera til flotte turopplevingar i Ryfylke. Mellom anna visar ho korleis du kan finna flotte turopplevingar i Hjelmelandstraktene, i form av både kortare og lengre turar og både kjende og litt mindre kjende turmål. Du kan følge med på hennar turtips på Instagram @friluftsjenta.

Interessert i turtips?

I Hjelmeland finn du mange flotte turar du kan velje mellom! Lysten på topptur, tur i Ryfylkeheia, vandring i Hjelmelandsvågen, besøke dagsturhytta Fisterbu eller overnattingstur i ei av DNT sine turisthytter?

Tek du turen til Ritlandskrateret kan du samstundes få med deg ei av dei tre store metorittkratera i Noreg. Dette krateret vart danna for ca. 500 millionar av år sida.

Og eit besøk til Skomakarnibbå vil gje ein spektakulær tur langs Jøsenfjorden og eit flott utsyn over mykje av Ryfylkeheiane.

Stemningsfulle Eventyrskogen i Årdal er alltid eit populært turmål for både små og store, og alltid verd ein tur!

Sjå tips om fleire turar som har Hjelmelandsvågen som utgangspunkt. Me vil óg tipse om turnettet på vakre Jøsneset.

Karen M. Kyllesø
Foto: Karen M. Kyllesø

Sommar i Vågen

Ein tur innom historiske Spinneribygget i Hjelmelandsvågen gir både smaksoppleving og kulturoppleving. Her finn du sommarkafé saman med to sommarutstillingar. Opningstid i perioden 21. juni-17. august er måndag-fredag klokka 10.00-16.00 og laurdag-søndag klokka 12.00-16.00. Spinneriet har søndagsstengt etter 20. juli.

Laurdagane 12. juli og 26. juli er det sommermarknad i Hjelmelandsvågen klokka 12.00-15.00. Her kan du finna lokalproduserte produkt og nyta god mat og sommarstemning på kaien. Sommarmarknaden 12. juli arrangerast saman med Hjelmeland Turlag, som mellom anna har aktivitetar som konkurranse om "Beste foredla foredla sankeprodukt", orienteringskonkurranse/eller natursti og andre aktivitetar.

I Hjelmelandsvågen finn du også Verdas største jærstol.

Klar for sommarkonsert i Hjelmelandsvågen? I 2023 var det Vamp i Vågen og i 2024 var det Eidsvåg i Vågen, kor rundt 6-800 tok turen til Hjelmelandsvågen. Laurdag 19. juli 2025 satser me igjen på masse god steming på kaien saman med Nordstoga i Vågen. Her kan du sikre deg både skyss og billettar til konserten.

Sommarkonsert 2024
Sommarkonserten Eidsvåg i Vågen, 2024

I historiske fotspor

For meir kulturhistorie kan du ta turen innom Hjelmeland bygdamuseum i Hjelmelandsvågen. Museet ligg vegg i vegg med Hjelmeland bibliotek og opningstider er måndag-fredag klokka 10.00-15.30. Det er óg ope museum laurdagane 12. juli og 26. juli klokka 12.00-15.00. Gratis inngong.

Kulturhistoriske gardstunet Vigatunet er også verd eit besøk. Torsdagane 10. juli og 17. juli kl. 11.00-15.00 er det open dag på Vigatunet, kor tradisjonshanderkaren i Viga vil fortelje om arbeidet med restaurering og vedlikehald. Du kan óg kunne prøve deg på stavkonstruksjon og mini-lagt desse dagane. 150 kr for vaksne, gratis for barn.

2025 er 200-årsjubileumet for utvandringa til Amerika. Jubiléet markerast med ei eiga utstilling på Spinneriet. Denne er ope frå 20. juni til 17. august, mån-fre kl. 10.00-16.00 og laur/søn kl. 12.00-16.00. Gratis inngong.

Har du besøkt den vakre renessansekyrkja Årdal gamle kyrkje? Kyrkja er bygd i tre etappar, med den eldste delen frå 1619. Innvendig har kyrkja flotte, malte dekorasjonar. Kyrkja er sommerope med guide i kyrkja onsdagane 9. juli, 23. juli, 30. juli og 6. august kl. 12.00-16.00.

Interessert i historisk vandretur? Laurdag 12. og 26. juli klokka 14.30 kan du vera med på "Sølvskatt og skrekknatt - ei vandring i gamle Vågen". Det blir óg ei vandring torsdag 17. juli kl. 11.00. Turen tek rundt ein time. Nils Viga Hausken er guide. Oppmøte i Hjelmelandsvågen. Kr 150,- for vaksen og gratis for barn.

Smaken av Hjelmeland

Interessert i lokalmat og -drikke eller lysten på noko godt? Under Gladmatfestivalen kunne du nyte mange flotte smaksopplevingar og kvalitetsprodukt frå Hjelmeland sin stand. I sommar kan du la deg inspirere til mange gode smaksopplevingar rundt om i Hjelmeland, mellom anna ved å besøke gardsutsal, spisestader og sommarmarknad.

På utkikk etter badeplassar?

Klar for å nyte livet, varmen og sola i vannet eller på ei strand? Du finn fleire badeplassar rundt om i Hjelmeland.

Interessert i å leige kano eller SUP?

Kanskje du er interessert i å nyte livet i sjøen, mellom anna i kano eller på SUP. I Hjelmelandsvågen har Frilager tilbod om å leige kano. Det er óg moglegheit for å leige SUP. Booking og informasjon om booking finn du på frilager.no.